Prosjekt Kystby AS eiger rettigheitene til områder på nordre Bildøy og samarbeidar tett med kommunen om områdeplanen for Bildetangen.
BOB Eiendomsutvikling AS kjøper no 50 % av aksjane i Prosjekt Kystby. BOB Eigedomsutvikling er eit dotterselskap av BOB BBL og har ansvaret for å utvikla boligbyggelagets nye bustadprosjekter. Med 73 000 medlemmer i ryggen er BOB den ideelle samarbeidspartnar for Liegruppen AS som eiger dei øvrege aksjane i Prosjekt Kystby AS.
– Liegruppen er glad for å ha fått på plass ein samarbeidspartnar som vi verkeleg meiner kan bidra med kompetanse, men også gode verdiar. Vi opplever BOB som ein langsiktig og seriøs aktør som er oppteken av å ta samfunnsansvar, og som har sterkt fokus på berekraft i sine prosjekter, seier Roy-Eddy Lie, eigedomssjef i Liegruppen.
Les meir om saken på Vestnytt.no (krev abonnement).